Ørsta Volda Misjonsforsamling (ØVM) vart starta i 2011 i Hovdebygda mellom Ørsta og Volda. Stolt over den teologiske arven frå bedehusrørsla med kall til ytremisjon, kom ei gruppe saman i eit tid der kristenlandskapet og kulturen endrar seg raskt.
Frå 2017 leigde forsamlinga lokale på Volda bedehus, men har eit ynskje å vere ei forsamling ikkje berre for Ørsta og Volda, men for fleire kommunar på Søre Sunnmøre. Med mange barn og unge i forsamlinga har ein hatt eit langsiktig mål om eigna lokale med fleire rom for søndagsskule og ulike aktivitetar. Endeleg, i månadsskiftet januar- februar kunne forsamlinga invitere til fest i nye lokala i Elvegata 7, over Gjenbruken i Volda.
Eit fabrikklokale er ombygd til tre grupperom, ein kafé, kjøkken og forsamlingssal som kan romme inntil 200 personar. Med anslagsvis over 3000 dugnadstimar og betydelege gåver frå medlemmane, kunne ein feire å ha nådd eit langsiktig mål. Helga var ein fest med begeistring og stor glede!
Så er gode lokale eller gode ytre rammer likevel ikkje målet. Målet er at menneske dyrebare i Guds auge får møte Guds nåde og ved tru på Jesus ha håp for både liv og æve. Oppdraget for Guds kyrkje på jord var og er å dele bodskapen om Jesus til fleire. Til å leve ut hans kjærleik både i nærmiljøet og for folkegrupper der bodskapen om Jesus er ukjent. I ei tid som denne handlar det ikkje minst om å gi vidare trua og håpet Jesus gir til barn og unge, ja til eldre med. Gleda over nye lokale handlar om at no ligg det ytre veldig godt til rette for ØVM. Så ber Gud oss, med så gode føresetnader å vere villige til å ta dei nye lokala i bruk på ein god måte. ØVM har nye lokale – men same meiningsfulle oppdrag.