Spot og Spot Light

To nye ungdomsklubbar starta i Ølensvåg

For eitt år sidan opna nye Vågen Bedehus, og med nytt hus kjem òg nye initiativ. Den store mangelen i Ølensvåg dei siste åra har vore ungdomsarbeid, og allereie to veker etter opningshelga av bedehuset var eit nytt ungdomsarbeid i gang.

Det startar på torsdag med Spot light. Her handlar det først og fremst om ei open dør og låg terskel. Her er Lundeneset-elevar med, dei lagar noko kaffimat, spelar spel o.l. før dei tilbyr dei som er der å bli med på torsdagsmøte på Lundeneset når Spot light er ferdig. Det gjer at torsdagsmøta på Lundeneset stort sett har ei eiga lita Spot light-rad med ungdomsskuleelevar. Det er kjekt. 

 

Spot og Spot light

Annankvar fredag er det Spot. Utifrå namnet kan ein seie at Spot light er «light-versjonen» av Spot, som er ein meir tradisjonell ungdomsklubb. Her startar me med ein time aktivitet i gymsalen på barneskulen, før me går vidare til bedehuset der samlinga byrjar med andakt. Då eg gjekk på ungdomsskulen var andakten eit tidspunkt der fleire gjekk på butikken, eller at dei berre møtte opp når andakten var over. På Spot er me aldri så mange som under andakten, det er fantastisk.

d
Spot og Spot light:På det nye bedehuset i Ølensvåg er det starta to nye ungdomsklubbar. Jakob Grønås

 

Andakt, mat og speling

Denne kvelden var det Daniel Elias Fredly som hadde ein god andakt om at Bibelen er truverdig, profetiane om Jesus som skulle koma første gong og at me òg kan lesa at han kjem igjen. Litt over 20 ungdomar sat og høyrde. Då andakten var ferdig, var maten klar. Egil Brekke hadde laga «loaded fries» til glede for heile folket. Etterpå var det 100 prosent typiske ungdomsklubbaktivitetar med kiosk, henging, bordtennis, Fifa og herjing før me hadde ein konkurranse mot slutten. Denne gongen var det presidentturnering på programmet, eit kortspel som er gjort om til ei turnering. Dette skapte stort engasjement. Underteikna kom til finalen, og det kan ikkje ha vore anna enn uflaks som gjorde at eg ikkje gjekk heile vegen til sigeren …

 

Gler seg til neste gong

Me brukar å vere rundt 15–30 stykker på samlingane, der den store majoriteten ikkje er aktive i noko kyrkjesamfunn utanom. Det er fantastisk å oppleve og kome i kontakt med ungdommane og få prøve å vitne om Jesus i ord og handling. Dei som kjem gir uttrykk for at dei kosar seg på Spot og at dei gler seg til neste gong.