Kirsten ved skrivebordet

Takk, Titten!

Ein æra er over. Kirsten ”Titten” Grøteig har vore krumtapp og «leksikon» på regionkontoret med sin store kunnskap og oversikt. Etter meir enn 40 år i Misjonssambandet har ho no vorte pensjonist.

Dei fleste kjenner henne som Titten. På papiret heiter ho Kirsten Grøteig, men i regionen er det kallenamnet som har festa seg – på same måte som ho sjølv har gjort det: stillfaren, stødig og med ei lun framtoning som gjer det lett å kome inn døra.

 – Eg er først og fremst mor, svigermor og bestemor, seier ho når ho skal setje ord på kven ho er. Ho har tre barn på jorda og eitt i himmelen, ein svigerson og fire barnebarn som betyr mykje. No er ho pensjonist – og, som ho sjølv seier, rik på erfaringar, både frå arbeidslivet og livet elles.

Kirsten sit på stor gryte på komfyren
Kjøkkenhjelp på Lyngmo:Alle metodar i bruk for å få det til å koka fortare Privat

Kristen på leir

Oppveksten i Hafslo i Sogn har sett spor. Ho fekk tidleg ein plass i fellesskapet gjennom leirarbeidet på Lyngmo.

– Eg blei kristen der som 14-åring. Det gav meg ei tryggleik som har følgt meg sidan, fortel ho.

Trua vart ikkje berre noko privat, men ein del av livet ho bygde vidare på.

Eit brev som endra alt

I 1981 byrja ho i Misjonssambandet. Det skjedde ikkje gjennom ei stillingsutlysing, men gjennom eit brev frå kretssekretæren.

– Eg blei spurd om å vere krinskasserar i Bergen. Eg ville gjerne til byen, og sa ja. Eg forstod ikkje då at dette skulle bli både arbeidsplassen og «heimen» min gjennom livet.

Ho fann seg raskt til rette, og blei verande. Åra gjekk, rollene endra seg, men oppleving av kall og tilhøyrsle blei verande.
 

Japan var planen

Planane for livet var lenge retta mot misjon i utlandet. Ho og mannen gjekk på misjonsskule, og blei innvigd som misjonærar i 1987 med tanke på arbeid i Japan. Men berre ei veke etter innviinga blei dottera Jenny fødd, med ein sjeldan kromosomfeil.

– Då blei alt annleis. Jenny var heilt avhengig av hjelp, og vi kunne ikkje reise. Men det var ikkje vanskeleg å forstå kva ansvaret vårt var.

Jenny levde i 30 år, og blei ein stor del av Kirsten sitt liv – og hennar kall. – Ho lærte meg å stå i det som kjem. Det hjelpte ikkje å bekymre seg. Ho hadde ei eiga evne til å gjere folk glade, og ho betydde mykje for mange. 


Utfordringar på vegen

Livet baud seinare på både samlivsbrot og alvorleg sjukdom. Likevel opplever Kirsten at ho har hatt ei indre evne til å stå i det som var vanskeleg.

– Det betyr ikkje at eg ikkje har vore sliten og lei. Men eg kom gjennom det. Eg har lært at det ikkje er meining i alt som skjer – men Gud kan bruke det.

Trua har endra seg gjennom åra, frå frimodig og skråsikker, til meir undrande – men ikkje mindre tillitsfull.

Fleire roller

Gjennom åra hadde ho fleire roller i organisasjonen, men kjem ofte tilbake til tida som kontorsekretær.

– Det var det eg likte best. Telefonane, møta med folk, samtalane. Mange ringde når dei trong hjelp.

Dei siste åra var ho administrasjonsleiar. Ved årsskiftet gjekk ho av med pensjon, etter eit siste år prega av sjukdom.

– Det var tøffare enn eg trudde. Det eg saknar mest, er kollegafellesskapet. Det eg saknar minst, er ansvaret – eg kjende at det var rett tid å gje seg.

Ho er framleis aktiv i forsamlinga på Askøy, og ser med glede på mykje av det som skjer i Misjonssambandet i dag.

«Spør Titten»

Kollegaer skildrar Titten som omgjengeleg, lun, trufast og stødig – stillfaren, men med humor, tolmodig og lojal. Ei som set andre framfor seg sjølv, og som ikkje gir seg så lett.

– Ofte når nokon lurte på noko, var svaret enkelt: «Spør Titten». Ho hadde ein enorm kunnskap om arbeidet, seier ein.

Ein annan peikar på hennar tenestevilje og positive vesen, den store kjennskapen til misjonsfolket – og eit ekte engasjement for misjon.

Jesus er livet

Når ho sjølv blir spurd om kven Jesus er for henne, kjem svaret utan store ord.

– Han er frelsaren. Eg får kome til han både når eg har det vanskeleg og når eg har det godt. Det er han eg har bygd livet mitt på.