Oversiktsbilde over Lyngmo

Vi over 60 på Lyngmo i mai

Få plassar er så vakre som Lyngmo ved Hafslovatnet i mai. Er du 60 år eller eldre, har du ein unik mulighet til å oppleva dette i tida 18.-21. mai.

Tema for leiren er "Håp". Asbjørn Kvalbein vert med og held bibeltimane. Inger Lise og Asmund Smenes frå Nordmøre vert og med og deler både gjennom ord og tonar.

"Vi over 60" er ein leir for dei som er på veg inn i pensjonsalderen og for dei som er godt etablerte pensjonistar. På leiren ynskjer me å setje deltakarane i fokus ved at alle vert sett og inkludert i det sosiale fellesskapet. Her kombinerer me grundig og bibeltru undervisning med lettare underhaldning og aktuelle seminar. Kvart år legg me også opp til ein tur ut i lokalsamfunnet.

Indre Sogn har mange perler me kan syne fram! Me trur slike leirar er viktige sosialt. Like viktig er det at ein får påfyll frå Bibelen til eit liv i dagleg etterfølging av Jesus!

Bur du i Bergensregionen, er det enkelt å ta buss til Lyngmo. Det er også fleire som køyrer bil. Ta kontakt med leirleiarane eller regionkontoret om du treng hjelp.

Sjå og last ned programmet.

Her finn du påmelding.