Karnevalstid betyr ofte familieleir for kyrkjene i Bolivia. I år vart det ein litt annleis leir i Cochabamba.
Det har ofte vore samla rundt 120 personar til karnevalsleir for heile familien. I år vart det i staden barneleir for aldersgruppa 6-11 år med 12 deltakarar. Eg melde meg for å hjelpe til, og sjølv om vi var få, vart det ein god leir. Her er verkeleg nokre skikkelege eldsjeler av leiarar som tek ansvar på frivillig basis.
Som elles i den frivillige verda, er det enkelte som tek mykje ansvar medan andre gjer lite og inkje. Pastorprofilen i ICEL sine kyrkjelydar har vorte klarare og klarare. Då er det viktig å ha pastorar som evnar å dra veksel på sine andre medlemar i fellesskapen i staden for å gje uttrykk for alt det lekfolk ikkje kan gjere.
Ein slik kyrkjelyd er Emanuel i Cochabamba og pastoren der. Sjølv om pastoren her også har ein klar profil på kven som kan forkynne under gudstenestene og forvalte sakramenta, er det mange tenestegrupper her innafor musikk, ungdomsarbeid og ikkje mindre enn tre søndagskulegrupper for ulike aldrar under gudstenestene. Av desse frivillige er det enkelte som gjer mykje og stiller opp både her og der.
På karnevalsleiren var det ei av søndagsskulelærarane som hadde bibeltimane, der tema var Noahs ark. Andre hjelpte til med matlaging, kostymer og «sceneoppsett» med heile Noahs ark i kartong. Vi var alle einige om at vi hadde hatt ein kjempefin leir, og barna hadde lært meir om bibelhistorier.