Ordstyrarar på scena

Nye i styre og råd

Regionårsmøtet har gjort sine val.

Laurdag 18. april vart det, som ein del av regionkonferansen, avhalde regionårsmøte. Der vart det m.a. valt inn nye representantar til å leia arbeidet i regionen.


Regionstyre
Nils Helge Friborg og Nils Ivar Brennhaug vart valde i 2025, og var ikkje på val. 

Innvalde no vart Jan Håkon Reinemo (attval), Kristin Sætre Odeh (ny) og Hildegunn Norbakken (ny).

I tillegg vart Jan Ove Brandsæter 1. vara, Jonatan Hurthi 2. vara og Roald Viksund 3. vara.

Etter årsmøtet har regionstyret konstituert seg med Nils Helge Friborg som leiar, og Jan Håkon Reinemo som nestleiar.


Barne- og ungdomsråd (BUR)
Reidar Røyset Almedal og Simon Tobias Olsen vart valde i 2025, og var ikkje på val no.

Kristoffer Mjelstad, Nikolai Bjerke og Solfrid Sørbø vart valde ved akklamasjon som faste medlemer av BUR.

I tillegg vart Trond Kråvik 1. vara, Lina Malde 2. vara og Ingrid Øvreås 3. vara.


Valnemnd
Jostein Moldsvor og Ingebjørg Hitland var ikkje på val.

Trond Kråvik (attval), Runar Wold Slettebø (ny) og Kirsten Grøteig (ny) vart valde inn i valnemnda med Rollaug Waaler som vara.


Gruppearbeid
Samtalen om arbeidet vart denne gongen gjort i grupper. Kvar gruppe skulle svara på tre spørsmål: Kva er "gullet" i arbeidet vårt i dag? Kva reiskapar kan brukast framover for å nå nye? Og Kva brenn vi for - og korleis gå inn i det?

Mange ting kom fram, men barne- og ungdomsarbeidet vart nok nemnt oftast, både på første og siste spørsmålet. Men også relasjonar vart understreka, viktigheten av å ha nærkontakt med folk, bruka Alpha-kurs og lågterskeltiltak og tydeleg inkludering. Både å samla og å senda, lokalt og globalt, vart vektlagt, slik at menneske vert utrusta til å leva og dela tru i kvardagen. Alt med ei tydeleg felles forankring i evangeliet.