Forbønnshandling

De er vitne om dette

2. pinsedag vart pinsebodskapen synleg i Luster Familiemøte i Sogn.

Gaupne bedehus var fullsett då Luster Familiemøte samlast 2. pinsedag. Vi fekk gleda av sjå at Den Heilage Ande framleis gjer sine ringverknader frå Jerusalem og til endane av jorda.

Håvard og Jenny-Louise
Håvard Sie og Jenny-Louise Erwin:Først bryllup, så misjonsteneste i Eswatini Trond Kråvik

Håvard Sie, som er oppvaksen på Mollandsmarki like ovanfor Hafslo, og Jenny-Louise Erwin frå Askim vil reisa som frivillige og tena Gud og menneske i landet Eswatini i Afrika. Eswatini er ein liten stat heilt nord i Sør Afrika på grensa til Mosambik.

Dei to skal gifta seg 4. juli og reiser i august til Eswatini. Planen er å bli der fram til neste sommar. Luster Familiemøte har i fleire år hatt stor glede av deira lokale engasjement inn i forsamlinga og barne og ungdomsarbeidet lokalt. Dei spurde derfor om forsamlinga kunne stå med dei i forbøn og kontakt gjennom denne tida. Det var derfor ei stor glede når vi denne dagen kunne be for dei og synleggjere at vi vil stå saman med dei i denne tenesta med å dele Guds kjærleik med alle folkeslag.

Vernepleie og landbruksmekanikk
Jenny Louise har nettopp fullført bachelor i vernepleie, medan Håvard er landbruksmekanikar. Dei skal bu på eit stort gardsbruk som heiter Pasture Valley. Garden har 80 kyr, veksthus og driv med utvikling av plantar. Der er ein barneheim med 80 born, eit senter for seksuelt misbrukte born, skule og promotering av fornybar energi. Dei hjelper og kvinner med å kome ut i arbeid og få seg eit levebrød. Jenny-Louise er primært tenkt å gå inn i teneste med borna, medan Håvard vert ein nøkkelperson i å få maskiner, køyretøy og utstyr til å fungere. I tillegg til alt det viktige arbeidet som skjer på sjølve Pasture Valley, har dei og ei stor teneste for lokalbefolkninga i distriktet rundt

Flott om fleire vil vere med og hugse på dei i denne testa.