Gjenbruksbutikkane er mykje meir enn ei inntektskjelde. Dei er og plass for godt fellesskap og varierte aktivitetar.
Gjenbruksbutikkane er ein plass for dei aller fleste. Anten ein er ekstrovert og likar å prata med folk, eller introvert og heller vil sysla på bakrommet, er det plass for deg.
Gjenbruken Bergen i Åsane har 80 personar som gjer dugnad i løpet av ein månad. Nokre er der ofte, andre sjeldnare, nokre er heile dagen, andre berre halve tida, nokre har mest kontakt med kundane, andre klargjer varene.
Med på laget?
Gjenbruken Bergen er ein stor butikk med eit variert vareutval. No ønskjer dei fleire medarbeidarar.
Det er heilt opp til den enkelte kor mykje ein ønskjer å vera med. Men på ein såpass stor butikk bør ein vere der minst to dagar for månaden for å vere kjend med butikken, fortel styreleiar Ove Fotland.
Butikken er open frå 12-17 onsdag til fredag og 11-16 laurdag. Personalet kjem ein time før. Nokre er der heile tida, medan andre deler dagen i to, anten 11-13.30 eller 13.30-17.
Den beste tida for å koma som ny, er likevel måndag og tysdag. Sjølv om butikken er stengt då, er det folk der som klargjer varer.
Ulike oppgåver
Butikken har ulike avdelingar, og det trengst folk som
Gjenbruken er absolutt ein god arena der du treff nye vener – gjerne i vaksen alder.
Det er god kommunikasjon til og frå, då 4-bussen stoppar nær ved.
For meir info, sjekk opp www.gjenbruken.no eller på Facebook
Du kan og senda e-post til bergen@gjenbruken.no, eller ringa 404 43 470 i opningstida eller ta deg gjerne ein tur til Liamyrane 5 på Nyborg i Åsane.
Mange stader
Om ikkje Åsane er beste plassen for deg, er Gjenbruken å finna også på