29-31 mai arrangerte Region nordvest Fellesskap nordvest på Nordvestlandet folkehøgskule med møta i Gjemneshallen. Eit stort og viktig arrangement som er eit treffpunkt for folk frå heile regionen.
Temaet var «Løft blikket» Det handla om at vi først må sjå på Jesus, og deretter ber han oss om å løfte blikket og sjå menneska rundt oss der vi bur, men også at han har gitt oss eit kall til å krysse grenser og drive misjon i land og område der Jesu namn ikkje er kjent. Dette vart sett på dagsorden gjennom talarar og seminar.
Del av arrangementet var også årsmøtet for regionen med årsmeldingar og val av regionstyre og barne og ungdoms råd.
Mange deltok på alle samlingane gjennom heile helga, andre var innom på enkeltmøte. Vi har spurt nokre personar om kva intrykk dei sit att med etter helga:
Henry Almedal og Ove Solbakken.
Dei kom saman frå Ulsteinvik og er delegatar frå to ulike misjonsfellesskap (foreiningar). Det er første gongen dei deltek på denne type samling her i regionen. «Det er fint å vere her, og det gjer inntrykk og gir inspirasjon å sjå at vi er mange som er opptekne at misjon og kristent arbeid» seier dei to. «Vi kjem frå små misjonsfellesskap, så slike storsamlingar trur eg er viktig» seier Ove, «i tillegg er det viktig at flest mogeleg misjonsfellesskapa har delegatar til årsmøte, dette handlar jo også om å leie arbeidet i regionen»
Oddhild Skjong.
«Eg kjem saman med mannen min, og er knytt til Misjonssambandet sitt arbeid både gjennom ulike styreverv, og som tilsett i Preg barnehagar» seier ho
«Eg deltek på denne samlinga fordi eg ynskjer å vere orientert om arbeidet. Misjonssambandet driv eit veldig breitt og godt arbeid på mange felt. Det gjeld arbeid for barne og ungdom gjennom ulike lag, misjonsfellesskap og korarbeid, og gjennom Preg barnehagane og dei mange vidaregåande skulane. Og samstundes er eg interessert i å høyre om det internasjonalt misjonsarbeid til Misjonssambandet. For dette er jo vårt kall og vi må fokuset på det og vi må sende ut misjonærar for å forkynne og gjere Jesus namn kjent i område og til folkeslag som enno ikkje har høyrt. Dette er viktig», seier Oddhild.
Kva tek du med meg frå denne helga?
«God forkynning, større innsikt om arbeid i regionen, men også orienteringa om misjonsarbeidet som representanten frå Sentralstyrets gav, var veldig informativ og interessant. Og sjølvsagt opplevinga av eit stort fellesskap med god song og musikk», seier ho.
David Elias Åmås, Daniel Kvalvik og Jakob Stensland.
Desse tre gutane treffer eg saman med fleire andre under det store treet. Dei spelar sjakk og et is, og så ventar dei på ny tur til å hoppe i hoppeslottet.
Korleis kom dokke hit?
«Vi kom saman med mamma og pappa» seier dei i kor. To av familiane campar i telt på plenen til folkehøgskulen.
Kva har vore det kjekkast å vere med på?
Dei er einige om at det er kjekt å vere saman med vennar. «Og så var turen til Leikeland i Kristiansund og Misjonstivoliet dei kjekkaste aktivitetane», synest dei tre gutane.