«Heile Norge ber» har vorte ei kjent sak, ein bønnestafett landet rundt. 26.–28. oktober er stafettpinnen hjå oss.
Skrevet av
Gro Bjørndal
Region vest
Hovedbilde av
Hele Norge ber
14. september 2026
Kvar dag i heile 2026 er det nokon i landet vårt som ber – kvar einaste time, heile døgnet.
Også vi i Misjonssambandet vest er med på dette. Dagane 26.–28. oktober er stafettpinnen hjå oss, då har vi forplikta oss til å fylla timane med bønn.
Tirsdagen blir det bønn heile døgnet i Salem, på bønnerommet. Onsdagen skjer det same i Tremorkirken. Er du i nærheten, er du veldig velkommen til å bli med.
Då er det mandagen igjen, 26. oktober. Då har regionen ansvar for å fylla opp dei 24 timane.
Vi håpar mange blir med på dette. Det kan vera enkeltpersonar, smågrupper, forsamlingar, ungdomslag – alle kan vera med og ta ansvar for ein eller fleire timar. Be der det passar, heime, i bedehuset, annan stad - anten åleine, men det er også veldig fint å sitja fleire saman, om det er muleg å få til.
Er dette dagen for å invitera til bønnefrukost? - eller bønn og nattmat? - eller formiddagsbønn? Her er alle muligheiter opne.
For å vita at alle timane vert fylte opp, treng me
påmelding. (Førstemann til mølla.)
De vil få ein e-post i forkant med litt informasjon, bønneemne, mm, som me håpar kan vera til hjelp og nytte.
Her kan du lesa litt meir om bønneaksjonen.