
MISJONSPULS: Det færøyske folket er prega av kristne verdiar. Kyrkje og bedehus går ofte hand i hand. Dei siste åra har media skapt debatt som fører til meir samtale om Gud i kvardagen.
8. juli vart Julianna og Silas Olofson frå Færøyane vigde til misjonærar på Norsk Luthersk Misjonssamband si generalforsamling, GF 2018. Med på den høgtidsame forbønsstunda var også Egil K. Joensen frå styret i misjonsorganisasjonen Kirkjuliga Missionsfelagid. Elsa Jacobsen, den mest kjende misjonæren deira, har brukt livet i Etiopia.
Færøyane har 50 000 innbyggjarar. Nesten alle er medlemer i den færøyske folkekyrkja, om dei ikkje høyrer Brøðrasamkoman til, ei stor frikyrkje som er inspirert av Plymouth Brethren i Skottland.
Egil K. Joensen og Atli Rasmussen – også Rasmussen var på GF – fortel at mange er personleg kristne, og at folkelivet er sterkt prega av kristne verdiar. Wikipedia opplyser at abortlova er streng og aborttala låge, samanlikna med Norden elles. Silas Olofson seier han ikkje kan tenkje seg ein tryggare oppvekst enn den han hadde på Færøyane. Pornografi er ikkje å få i butikkane, og heller ikkje alkohol.
Fisk og sjømat utgjer 95 prosent av eksporten. Effektivisering fører likevel til færre og færre i fiskeindustrien. Fleirtalet arbeider i helsevesen, skule, barnehage osb. Andre i bygg og anlegg, og i jordbruk og småindustri.
Dei som vil bli pedagogar og sjukepleiarar, kan ta utdanninga på Færøyane. Maskinistar, navigatørar og dataingeniørar like eins. Men dei fleste som tek høgare utdanning, reiser til land som Danmark, Noreg, Island og USA.
Den største lutherske organisasjonen – Kirkjuliga Heimamissiónin – konsentrerer seg om arbeid på Færøyane. Kirkjuliga Missionsfelagid tek meir ytremisjonsansvar, i samarbeid med Luthersk Mission i Danmark og Misjonssambandet i Noreg. Det vert òg halde kontakt med Island.
Det er mange bedehus på Færøyane, og fleire organisasjonar. Kyrkje og bedehus går ofte hand i hand. Der er møteveker og møtehelgar, om lag som i norsk samanheng. Mange har bedehuset som den åndelege heimen sin.
Kristendomsundervisninga i barneskulen står sterkt. Men dei siste ti åra har media blitt meir kristendomskritiske. Journalistar lagar radioprogram med kritisk tilsnitt. Teologi med liberalt preg har vunne ein viss inngang i folkekyrkja. Før fór presten varsamt med det, om han var liberalt prega. I dag har somme vorte tydelege på den liberale ståstaden sin. Den åndelege situasjonen er med andre ord meir tilspissa. Fleire – ikkje minst i Kirkjuliga Missionsfelagid – stiller spørsmål ved utviklinga i folkekyrkja.
Ei positiv side ved den debatten som media har skapt, slik Joensen og Rasmussen ser det, er at Gud har blir meir «til stades» når folk snakkar saman. Misjonsfolk som før var litt defensive, får no høve til å stå meir fram, til dømes i pausepraten på arbeidsplassen.
Forfattarar som Carl Olof Rosenius, Ole Hallesby, Carl Fr. Wisløff og Øivind Andersen har vore til stor velsigning på Færøyene. Det same har fleire av Trygve Bjerkrheim sine songar. «Han tek ikkje glansen av livet» heiter i færøysk drakt: «Hann tekur ei gleðina frá tær».
Færøyane har hatt ein del mindre vekkingar, og der er unge og ivrige kristne. Joensen og Rasmussen er spente på framtida.