Morten Korsvik

– Eg fekk pistol i nakken

VENDEPUNKT: «Eg er klar til å døy. Vert eg skoten, vil eg vere i himmelen før ranarane rekk å kome seg unna», tenkte Morten Korsvik då det vart sett ein pistol i nakken hans. Åtte år seinare ser han den sterke opplevinga som eit handslag frå Gud.

Fakta: Morten Korsvik

Yrke: Tømrar og misjonær

Alder: 58 år

Gift med Inger F. Stavran, fire born.

Oppvaksen på Jørpeland, bur i Levanger.

Misjonær i Kenya 1990-94 og 96-99.

Ein mørk kveld i 2011 er Morten Korsvik på veg heim frå ein gospelkonsert i Levanger. Han går med ei noteveske i handa og høyrer det kjem nokon bakfrå. Brått høgg to unge menn tak, ein i kvar arm. Ein tredje stansar like ved, og litt bortanfor ser han ein fjerde.

Morten held seg så roleg som han kan, for han forstår at dei vil kunne overmanne han. Dei triv veska og vil i tillegg ha lommeboka og telefonen. Gutane er norske, men snakkar engelsk. «Money, money!» ber dei. Det går nokre sekund før Morten lystrar, og det vert retta ein kniv mot andletet hans. Ein annan viser fram ein pistol. Pistolen vert sett i nakken hans. Dei får det Morten har, men vil likevel ha meir.

 

Måtte undre seg

– Kva tenkte du inni deg?

Morten smiler.

– Det slo meg at dette var ein utriveleg plass å døy på. Det var vått og mørkt, og det ville bli trist å finne meg akkurat der. Men samtidig tenkte eg: «Det er greitt. Eg er klar til å døy. Vert eg skoten, vil eg vere i himmelen før gutane rekk å kome seg unna.»

Der og då måtte Morten undre seg over seg sjølv, undre seg over at det ikkje var noko han måtte ordne eller gje beskjed om. Han kjende seg løyst frå sine kjære og klar til å døy. «Opp til venstre», som han seier, såg han klart og tydeleg at det var ope rett inn i himmelen.

I dag ser han hendinga i 2011 som ei veldig oppleving. Der var ei traumatisk side, så i tida etterpå gjekk han forbi ransstaden kvar kveld. Etter kvart tenkte han mindre og mindre på det skremmelege. Men den gode sida ved det han opplevde, den takkar han Gud for.

 

Nær himmelen

Som heilt ung kristen hadde Morten ei periode med sterk lengt til himmelen. Med åra kom himmellengten på avstand. Det vart fortrengt av alt det andre i livet.

– Men etter den dramatiske kvelden i 2011 har eg fått ei heilt ny visse som eg er veldig glad og takksam for. Eg trur Gud ville vise meg at det held det som Jesus har gjort. «Oo it´s not just a story, Oo that plain and simple story became real to me», syng Andrae Crouch. Eg fekk sjå at barnetrua og det eg har rekna med heile livet, det held. Opplevinga blei som eit bevis for meg, for eg kom heilt nær det himmelske.               

Morten har merka seg noko som Karsen Isachsen har sagt: «Vi tenker at når vi dør, skal vi holde opp å leve, men nei, da skal vi holde opp med å dø … vi går med Jesus til de levendes land.»

– I 2 Pet 1,19 les vi at Guds ord er «ei lampe som lyser på ein mørk stad, til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto våre». Vi snakkar ofte om livskvelden og solnedgangen, men Ordet talar om morgonstjerna og ein ny, evig dag, poengterer Morten.

"Eg trur Gud ville vise meg at det held det som Jesus har gjort."

Privilegert

– Vi har høyrt at du har vore rana før òg?

– Ja, eg vart utsett for noko liknande på 1990-talet, då vi var misjonærar i Kenya. Då dukka det opp ein mann som ville hjelpe meg etter ein kollisjon som var arrangert, i Nairobi. Etterpå bad han om skyss, men utanfor byen sa han «stans!» og tok fram ein pistol. Det var pengar han var ute etter han òg. Eg kom rett frå banken og måtte gje frå meg fem–seks tusen kroner. Før mannen sprang sin veg, sa han: «Du er veldig heldig, at du framleis lever!»

Morten Korsvik meiner at han statistisk sett må ha brukt opp kvoten sin som ransoffer. Men han kjenner seg privilegert som fekk erfare det han gjorde i Levanger.