Gunstein og guide i Masai Mara nasjonalpark.

Her står dei ikkje stille i kyrkja

UTSENDINGEN: Bli bedre kjent med Gunstein i Kenya!

Gunstein Ohma

Alder: 43 år 

Sivilstatus: Gift med Marita Bette Lillebø Ohma 

Kor og når: Denne perioden starta i august 2018, mens vi reiste ut i første periode i 2004. 

Hovudoppgåver: rektor/lærar/sosiallærar ved Den norske skolen i Nairobi 

– De har tidligare budd i Kenya og flytta tilbake etter fem år heime i Norge, kvifor?

– Det var mange grunnar til det. Nokre var gode, andre meir trivielle, nokre var kristelege og somme var kanskje ikkje så kristelege. Vi fraus i Noreg, vi sakna Afrika, vi trong litt nye utfordringar og vi brenn for å spreie evangeliet. 

 

– Kva er dei største skilnadene mellom Norge og Kenya?

– Kvar skal eg begynne? No har vi f.eks. sol og 28 grader! Folk smiler her, sjølv om dei har eit vanskeleg liv, medan vi i Noreg syt og klagar over bagatellar. Her står dei ikkje stille i kyrkja, men syng med fryd, slik at sjølv ein traust rogalending tek seg i å trampe takta. 

 

– Kva held du på med denne veka?

– Nyleg har vi teke imot sju familiar og eit par volontørar til TeFT familiebibelskule. Det var stas å gå frå 17 til 37 elevar i skulegarden. Samstundes har eg begynt å skrive rapportar til misjonærkonferansen her i Kenya. 

 

– Kva er planane framover?

– Prøve å få fleire elevar til å begynne på Den norske skolen i Nairobi og å være meir saman med elevane, slik at eg veit at alle har det bra.  Og så arbeidar eg med å bli ferdig med rapportane til konferansen.

"Ein god fotball-kamp med Manchester United er aldri feil!"

– Kva plar du å gjere når du skal slappe av?

– Ein god fotballkamp med Manchester United er aldri feil! Det hender eg spelar litt golf, men kona synest det går med i overkant mykje tid. Elles så likar eg å ta ein joggetur i finvêret. 

 

– Er det eit bibelvers du er sæskild glad i?

– Skulen var nyleg på fjelltur på Ngong Hills. Vi måtte dessverre snu grunna tjukk skodde, regn og vind. Vi såg maks 5–10 meter framfor oss, og med ansvar for fleire titals born i eit område med bøflar og andre dyr, tok vi til vetet og snudde. Då blei eg igjen minna på verset frå Jesaja 44,22a: «Eg stryk bort brota dine som ei skodde og syndene dine som ei sky.»

 

– Er det noko som har gledd deg spesielt i det siste?

– Eg gler eg meg over å stå i eit arbeid der folk utan håp, får møte Jesus. Og ikkje minst gler eg meg storleg kvar dag over våre nasjonale medarbeidarar som vil misjon. 

 

BILDET: Gunstein (t.v. (ikkje overraskande)) saman med ein masai-guide på en walking-safari i Masai Mara.