Menn rundt bord i matsal

Mannshelg

Bli med på ei inspirerande helg ved Hafslovatnet, med bibeltimar, foredrag, samtalar og aktivitetar.

Velkomen til ei livsnær, rå og ærleg helg - tett på Bibelen og tett på livet, med påfyll for trua, livet og tenesta.

Bibeltimar ved:

  • Olav Rune Skutlaberg (regionleiar, erfaring frå sjelesorg og medvandring)
  • Lars Gaute Jøssang (professor NLA, tidl. hovudstyreformann i Misjonssambandet)

Leiarar:

  • Per Hilleren (tidlegare regionstyreleiar)
  • Gunnar Øpstebø (erfaren dugnadsarbeidar i Sætervika)
  • Joakim Byrknes (politikar og politi)


Laurdag kan du ta på arbeidstøy og bli med på dugnad – eller turtøy og gå ein tur - eller redningsvesten og padle på 
Hafslovatnet – eller vera med Per Hilleren til Veitastrond, der besteforeldra hans kom frå – eller berre slappe av.

Per Hilleren fortel om livet som organisasjonsmann og bonde mellom høgfjell og fjord, med robot-mjølking og økologiske utfordringar.

Sjå heile programmet (som kan lastast ned og delast ut) HER.

Det vert fellesreise frå Bergensområdet, minibuss (ca kr 450 pr pers). Avreise "bak" jernbanestasjonen kl 11.30 (velgast i påmeldinga).

Tidspunkt

Fredag 30. oktober - søndag 1. november 2026

Adresse

Lyngmo 21, 6869 Hafslo