Noen av de som arbeider i butikken.

Gjenbruksbutikken på Stord,10 års-

Laurdag 23. mars var nærare 100 personar samla til jubileumsfest i butikken.

Noverande og tidlegare medarbeidarar med ektefeller hadde sessa seg kring festpynta bord då styreleiar Norvald Ådnanes og dagleg leiar Ingunn Dahl ønskte velkommen. Det var ein flott fest til takk og ære for alle som er eller har vore med i dugnadsarbeidet desse åra, og til Han som kallar til teneste, vår Himmelske Far.

Kina-mat og flotte festkaker og kaffi fall i god smak. Alle gledde seg over eit variert program med andakt, song og musikk, opplesing og historikk. Bjarte Rydland takka frå hovudadministrasjonen på Hamar og fortalde mellom anna korleis overskotet av alle gjenbruksbutikkane vert brukt. (NLM sitt bistands- og diakonale arbeid i Asia, Afrika og Sør-Amerika).

Butikken på Heiane har store og flotte lokale. Det er god og aukande omsetning sidan starten i Sagvåg for ti år sidan. Kvar av dei tre første månadene i år har ei omsetning på over 200.000.

Sist veke vart jubileet feira i butikken kvar dag med gode tilbod på ulike varer og sjølvsagt kaffi og gode kaker. Stor takk til alle kundar og gjevarar.