Tryggheim vgs

Elevar samla inn 1,2 million

Smittesituasjonen hindra ikkje Tryggheim-elevar å samle inn millionbeløp til evangelisering og bistand i Vest-Afrika.

- Oppgåva med å leie innsamlinga i eit år med smitterestriksjonar har til tider vore veldig utfordrande, men samstundes veldig givande, sa prosjektsansvarleg Eline Harnes i russestyret då ho offentleggjorde innsamlingssummen på 1,2 million kroner under avslutningsfesten på Tryggheim vidaregåande skule torsdag kveld.

Elev- og russeinnsamling

Årets innsamlingsaksjon har vore eit samarbeid mellom elevrådet og russen ved skulen. Tryggheim-elevane har samla inn millionbeløpet gjennom å halde arrangement som sponsorløp, basar og flaskeinnsamling. Smittesituasjonen førte til at fleire planlagde arrangement blei avlyste i løpet av skuleåret, noko som gjorde at elevane måtte bruke ulike digitale løysingar for å samle inn pengar til misjonsprosjektet.

- Heile skulen har vore fantastisk gira, og elevar har engasjert seg på ulike trinn og i forskjellige klassar. Eg er veldig takknemleg, sa prosjektansvarleg Eline Harnes.

Vest-Afrika-prosjekt

Pengane skal gå til Misjonssambandets arbeid i Elfenbenskysten og Mali. Landa har vore og er prega av uro og konfliktar. Ein stor del av befolkninga kan ikkje lese og skrive, og mange av innbyggarane har ikkje høyrt den kristne bodskapen. Årets misjonsprosjekt på Tryggheim gjer at fleire folkegrupper får høyre om Jesus, barne- og ungdomsarbeidet får støtte, og livsvilkåra i landa blir betre gjennom lese- og skriveopplæring og jordbruksprosjekt.