Blomsterbukett2

Blomsterbuketten

Eit søndagsskulebarn og mora kom og hadde med seg ein fin blomsterbukett.

Blomsterbuketten fekk denne dagen minne oss som var på søndagsskulen om Guds skaparverk. Kva var meir naturleg enn at vi sang: "Hvem har skapt alle blomstene, blomstene, blomstene? Jo, Gud i himmelen. Hvem har skapt alle blomstene, fuglene, stjernene? Hvem har skapt både deg og meg? Jo, Gud i himmelen." 

Og sangen "Gud, han skapte alle stjernene, han skapte alle vann, han skapte berg og dag og han skapte meg. Men det er noe som er enda større, det er at Han gav sitt liv, for meg og hele verden på Golgata"

 

Gud ser til hjartet

I andakta på søndagsskulen vart vi minna om at Gud ser ikkje på oss korleis vi er utvendig, men han ser til hjartet.

I 1. Samuel 16,7 står det: «Men Herren sa til Samuel: Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Eg ser ikkje på det som menneske ser på, for menneske ser på det som fell i augo, men Herren ser til hjarta».

 

Gud kjenner kvar spurv - og meg!

Eg vil ta med ein sang om Guds godhet og storhet:

 

Det finst hundrevis av spurvar, tusen millionar

Små og grå og brune. Ved gjerde og ved veg

finst det hundrevis, ja, tusen millionar små spurvar.

Men Gud kjenner kvar og ein, og Gud kjenner meg.

 

Det finst hundrevis av blomster, tusen millionar

I alle slags fargar. I eng og skog og hei

finst det hundrevis, ja, tusen millionar små blomster.

Men Gud kjenner kvar og ein, og Gud kjenner meg.

 

Det finst hundrevis av stjerner, tusen millionar.

Gud har gitt dei bana si i rommet kvar for seg.

Det finst hundrevis, ja, tusen millionar av stjerner.

Men Gud kjenner kvar og ein, og Gud kjenner meg.

 

Det fins hundrevis av born, ja, tusen millionar.

Gud hugsar namnet på oss alle likevel.

Det finst hundrevis, ja, tusen millionar born på jorda.

Men Gud kjenner kvar og ein, og Gud kjenner meg.

 

Tekst: J.Gowans Oversatt: Rut Wilhelmsen/Oddlaug Kvalsvik