Tryggheim barnehage, Sykkylven

Toppscore til NLM-barnehage

Utdanningsdirektoratet (Udir) har hatt foreldreundersøkjing for alle barnehagane.

Det var i år 3403 barnehagar som tok del i foreldreundersøkjinga frå Udir. Av desse var det 292 barnehagar som har fått toppscore på 4,9 eller 5,0. Ein av desse er NLM-barnehagen Tryggheim Barnehage i Sykkylven.

Personalet ved barnehagen synes det er både gledeleg og oppmuntrande å få så godt resultat. Det oppleves som ein stor inspirasjon i arbeidet.

På spørsmålet om kva ein trur som er grunnen til at foreldra er så fornøgde med barnehagen er det nokre ting dagleg leiar Anita Elin Woldsund vil trekkje fram:

Visjonen vår er «Sammen om å sette verdifulle spor». Og det er tre ord som er særleg viktige for oss, det er nestekjærleik, likeverd og meistring.

Det er viktig for oss å vere beviste på kva slags spor vi set og kva verdiar vi ynskjer at barna skal få med seg frå den tida dei er i vår barnehage. Vårt utgangspunkt er at alle er skapt av Gud med ein uendeleg stor verdi.

Vi snakker mykje med barna om korleis det er lurt at vi er mot kvarandre for at alle skal ha det fint på barnehagen. Kva vil det seie å vere ein god ven, korleis vi kan glede og hjelpe kvarandre.

Samarbeidet med foreldra er veldig viktig. At vi kan ha tillit til kvarandre og hjelpes ad gjer det lettare å finne ut kva barna treng for å ha det bra.

Vi er ein forholdsvis liten barnehage og alle kjenner ansvar for alle barna. Det er med på å skape eit godt samhald på heile huset. Vi arbeider heile tida for å halde ved like eit godt arbeidsmiljø. Personalet trives og opplever arbeidsglede. Det er viktig for oss at både små og store skal ha det godt på Tryggheim Barnehage.

Regionen gratulerer barnehagen med toppscore!