Jente står på ski i slalombakke

Slalomleir

Vinterferiehelg for ungdom på Laberget!

16.-18.februar var ein herleg gjeng ungdommar frå store delar av Trøndelag samla til Slalomleir på Laberget. Det blei ein kjekk leir med bibelsamlingar, fellesaktivitetar, brettspel, lovsong og ein lang dag i bakken.  

En gjeng ungdommer spiser lunsj i bunnen av skibakke
Kristine Oklevik

 

Panelsamtale

 På bibelsamlingane var temaet for leiren "Daniel", der det blei snakka om korleis Gud er med oss i alle situasjonar, og om mot til å stå ting som er krevjande.

 

4 leirledere i panalsamtale på podium
Kristine Oklevik

På laurdagen hadde vi også ein panelsamtale, der 3 leiarar delte erfaringar rundt det å vere kristen på skulen/jobb, og om korleis dei har opplevd Guds ledelse og beskyttelse i eige liv. 

 

Bønnevandring

I etterkant av bibelsamlingane kunne ungdommane også gå ei bønnevandring, med ulike postar visst dei ynskte det. Der kunne dei blant anna tenne lys, lese bibelvers, be eller skrive ned eigne bønneemne på lappar som seinare blei bedt for.