Håpskonsert

Håpskonsertar på Sunnmøre

Norea Mediemisjon stod bak konsertane som vart haldne i Engesetdal, Ulsteinvik og Sykkkylven

Det var Elisabeth Lillebø Sæth på piano og song, Ingrid Grøvan som vokalist og Ingvild Sæther på fiolin som var med.   Elisabeth arbeider også i Norea Mediemisjon som håpskonsertane er knytt til.  Hovudfokus denne kvelden var Norea sitt kvinnearbeid, Håpets Kvinner, som gjennom bønearbeid, radioprogram og praktisk omsorg ynskjer å gje håp og styrke til kvinner som lid.

Repertoaret på konserten var gospel, tradisjonelle bedehussongar og klassiske perler framført på ein veldig god og fin måte.  Det var også nokre eigenproduserte tekstar og melodiar.  I tillegg var det presentasjon av misjonsarbeidet, som i særleg grad sette fokus på arbeidet på Zanzibar i Tanzania.  

I Ulsteinvik vart konserten arrangert i lokala til Pinsekyrkja Filadelfia i samarbeid med Misjonssambandet. I Engesetdalen var konserten på misjonshuset og i Sykkylven på bedehuset. Det samla mykje folk frå ulike samanhengar, og det var gode kollektar til Norea Mediemisjon.

Norea Mediemisjon er ei spesialeining for vanskelege misjonsoppdrag. Kallet vårt er å forkynne evangeliet til dei minst nådde folkegruppene i verda. Samen med våre lokale samarbeidspartnarar ønskjer vi å bre ut Guds rike gjennom aktiv og målretta bruk av elektroniske og digitale medier, nasjonalt og internasjonalt. Vi vil vise omsorg for heile mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved trua på Jesus, med eit særleg fokus på område som er stengde for tradisjonell misjon.