Gjengen i Trondheim

Heile Vestborg til VM på ski 2025

Det trengs frivillige for å arrangere ski-VM i Trondheim neste år og Vestborg skal bidra.

VM på ski i Trondheim er dette tiåret største arrangement i Noreg. Rektor Jon Ove Holen er glad for å kunne presentere nyhenda at heile Vestborg, både elevar og personalet skal til Trondheim for å jobbe som funksjonærar under ski-VM. 

- Dette er eit unikt konsept for oss på Vestborg, og eg trur det blir eit løft for skulen å ha eit sånt fellesprosjekt, seier rektor Jon Ove.

Han held fram:

- Dei siste åra har elevar frå Vestborg vore funksjonærar på store idrettsarrangement. To gonger har vi sendt elevar til World Cup i skiskyting i Östersund, og no i desember var ein klasse og hjelpte til under prøve-VM på ski i Trondheim. Tilbakemeldingane frå elevane har vore veldig positive. Dei har hatt det kjekt, dei har fått med seg mykje lærdom og dei har fått innsikt i kva som krevst for å gjennomføre store arrangement. Det er all mogleg grunn til å tru at den positive effekten blir endå større no når heile skulen skal av garde.

Planen er å reise til Trondheim måndag 3. mars med retur sundag 9. mars.

- Er det rekningssvarande å ta heile skulen med på eit sånt prosjekt?

- Når det gjeld det økonomiske, så har me fått lovnadar frå Trondheim2025 at dei skal ordne med kost og losji. Men vi har ei utfordring med å finansiere reisa tur-retur. Der arbeider vi med fleire løysingar. Eit av løysingsforslaga er å opprette ein innsamlingsaksjon der vener av skulen kan donere økonomiske bidrag.

- Kva med det faglege perspektivet?

- Når det gjeld det faglege, så høver dette som hand i hanske inn i dei tverrfaglege tema i læreplanverket: Folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, samt berekraftig utvikling. I tillegg trur vi altså at det vil bety mykje for fellesskapet. Vi har allereie eit veldig godt fellesskap på skulen, men det at heile skulen skal jobbe i lag som funksjonærar, det trur vi vil gje fellesskapet ein ekstra dimensjon.

Jon Ove vil også gje Trondheim2025 og leiar for dei friviljuge under ski-VM, Anita Llapjani, kred for å få dette til.

- Anita og Trondheim2025 har vore utruleg gode på å legge til rette for dette prosjektet. Vi er veldig takksame for å bli møtt på ein sånn veldig god måte.

Mot slutten løftar rektor Jon Ove også fram eit anna perspektiv.

-  Noko av det viktigaste med å gjennomføre dette prosjektet er dugnad. Vi ynskjer at elevane våre skal sjå verdien av det å engasjere seg i friviljug arbeid. Dugnad og friviljug arbeid er viktig for den enkelte si mentale helse, og det er også limet i samfunnet. Dugnad skapar relasjonar. Til dømes er misjonen heilt avhengig av at folk tek i eit tak utan å få betalt. Eit anna døme er Vestborg. Hadde det ikkje vore for dugnaden til Vestborg-personalet med til dømes tilsyn, samt dugnadshjelp frå misjonsfolket, hadde ikkje Vestborg vore berekraftig. Vi ynskjer rett og slett at elevane våre skal sjå verdien av det å løfte i flokk! 

Med spade og spett til VM
Lars Johan Stokken

Prosjektet opnar for at fleire enn berre elevane og dei tilsette kan bli med til Trondheim2025.

- Vi held døra på gløtt for at andre enn elevar og tilsette i Vestborg-familien kan reise saman med oss. Planen er å fare med to bussar, og dersom det er ledige plassar vil vi gjerne fylle dei plassane opp med foreldre, besteforeldre, tidlegare elevar eller andre som er glad i skulen. På den måten ynskjer vi å bygge fellesskap med dei som ikkje er på Vestborg-tunet i det daglege.